close

Ny konkurranse - se lenger ned!

Hvis du vil ha quiz-resultatene dine lagret - må du logge inn før du tar testen.

Toppanel
  Del pÃ¥ Facebook   |    

 
Skriv ut
PDF

Bivirkninger av en abort

Skrevet av Jenny Raftevold.

 
Ein abort er alltid ei traumatisk oppleving uansett kva situasjon jenta er i. Sterke kjensler blir sett i sving, og reaksjonane er mange. I og med at abort framleis er eit slags tabu tema, er det mange som synst det er vanskeleg å prate med nokon om dette. Mange er redde for at omgjevnadane skal dømme og sjå ned på dei. For å redusere etterverknadene, er det viktig å finne ein vaksen person som du kan prate med og stole på både før og evt etter inngrepet.

Mange reagerer sterkare på ein abort enn dei ventar, og dei sterke kjenslene kjem ofte som eit lite sjokk. For sjølv om du sjølv har teke valet, og eigentleg ikkje angrar på det, er det vanleg å få ein reaksjon seinare.


Skuldkjensle:
Den mest vanlege reaksjonen er skuldkjensle. Kjensla av å ha tatt eit lite liv, og av å ha gjort noko fælt. Mange ser på seg sjølv som grusomme personar, og skjønnar nesten ikkje sjølv korleis dei har vore i stand til å gjennomføre inngrepet.

 

Depresjon:
Dei fleste opplever små depresjonar i tida etter aborten, men for enkelte utviklar det seg til ein alvorleg depresjon. Det er då ofte naudsynt med profesjonell hjelp (samtale hos helsesøster, lege, psykolog) for å bearbeide kjenslene. Enkelte har store problem med å takle kvardagen, og tåler knapt å sjå ei barnevogn - for ikkje å snakke om gravide damer. Men også små depresjonar kan vere alvorlege nok, og det er viktig å kontakte hjelp om ein føler at ein ikkje er i stand til å takle situasjonen aleine.

 

Sorg:
Sorg er også ein vanleg reaksjon etter ein abort. Følelsen av eit tap etter fosteret er slettes ikkje uvanleg, ofte til tross for at du framleis ikkje ynskjer barnet.

Men det er viktig å vere klar over at det slett ikkje er alle som reagerer så mykje etter ein abort. Og det at ein ikkje reagerer med sorg eller skuldkjensle, tyder ikkje at ein er ein dårlegare person enn dei andre. Vi er alle ulike, og vi har alle ulike måtar å takle slike opplevingar på.

Tilbakemelding(0)
Kommentarer (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

security code
Skriv inn bokstavene ovenfor i tekstfeltet nedenfor


busy
No images

Fra bildegalleriet...

No images

Toppresultater i quiz

QUIZ NAVNPOENG
Brødrene Dal
120
Brødrene Dal
120
Brødrene Dal
110
Norsk Grand Prix
90
Norsk Grand Prix
40