close

Ny konkurranse - se lenger ned!

Hvis du vil ha quiz-resultatene dine lagret - må du logge inn før du tar testen.

Toppanel
  Del pÃ¥ Facebook   |    

 
Skriv ut
PDF

SÃ¥nn kom Aina til verden

Skrevet av Linda Veberg.


Lørdag 15.07.2000 (Dagen før termin) Klokka 8.45 skreiv eg dette i dagboka mi:
"Er det noko på gang? Våkna i 6 tida, og snudde meg mot Ivar (dei som har hatt gravidmage veit nok kanskje korleis det er å måtte ta sats frå eine sida for å komme over på den andre).

Eg gjorde ein bevegelse som gjorde at det kjentest ut som nokon stakk meg med kniver eit lite øyeblikk. Tenk om det gjer så vondt å føde? Låg litt til, så begynte ryggen å bli ubehagelig - prøvde fleire stillinger, og det ga seg etter nokre minutt. Men så fekk eg noko som kanskje var ei ri, to gonger i løpet av ein 1/2 time. Gjekk eit nødvendig ærend på badet, og då merka eg at eg blødde! Eg gjekk og la meg igjen (og fortalte Ivar - som begynte på ferien sin idag - om kva som var skjedd), ville prøve å sove igjen. Det kom to rier (?) til med eit kvarters mellomrom, den neste kom etter 5 minutt (då var klokka 8.30) - så då stod eg opp. Eg ville nok ikkje få sove meir. No er det ei til på vei, klokka nærmer seg 9. Skal vekke Ivar no, så vi kan ete frukost. No ga det seg... Lurer på om det skjer noko, eller er det berre falsk alarm?"

Dette skreiv eg dagen etter:  Det var visst noko på gang, ja. Mens vi satt og åt frukost kom mor til Ivar inn, og etter å ha fortalt ho om tilstanden min, sa ho at eg måtte berre komme meg på sjukehuset. Eg blei nok litt nervøs, var dagen komt som eg hadde sett fram til i 9 måneder, var eg klar for noko sånt? Eg var forsatt usikker på om fødselen virkelig var igang, men ringte til sjukehuset. Dei virka litt tvilande på om den var igang dei òg, men eg kunne no komme bort for ein sjekk viss eg hadde lyst.

Eg tok med meg bagen for sikkerhets skyld, den stod klar i tilfelle fødselen skulle komme brått på. Eg og Ivar hadde egentlig tenkt oss til Førde på shopping (ein 1/2 times køyretur heimanifrå, her held også sjukehuset til), så eg kledde meg no opp til det. På køyreturen til Førde hadde eg smårier med jamne mellomrom (8 - 9 min., trur eg), og når dei holdt på blei eg nok litt mindre pratsom av meg.

Før vi ankom sjukehuset var eg innom eit hus og mata ein fugl (for eigaren var på ferie), også måtte eg inn på Idè for å kjøpe nokre rammer. Men mens eg var der inne blei riene verre, og kom med 4 minutters mellomrom. For å dempe dei litt hjalp det å gå fort, så eg gjekk småspringandes inne på butikken :) No var det nok best å komme seg på sjukehuset meinte Ivar, og eg måtte seie meg einig. Då var klokka ca. 11.

Etter ein undersøkelse kom det fram at eg hadde 4 cm åpning, så eg blei innlagt og fekk mitt eige rom. Riene kom og gjekk, og det hjalp godt at Ivar masserte meg nede i korsryggen når dei holdt på. Eg takka ja til tilbudet om middag (graut) og frukt, men det var ikkje så mykje eg fekk i meg. Gjekk liksom til og frå og tok eit par skeier/biter innimellom.

I 13 tida (trur eg) blei riene vondare, så eg spurte om noko lindrande: Eg ville helst prøve med lystgass, for eg kan ikkje fordra sprøyter!

Etter det hugser eg ikkje så mykje om tida, det gjekk liksom i eitt. Ved vaktskifte (i 3 tida er det vel), kom det ei ny jordmor inn. Ho sjekka lystgassen, men eg hadde visst berre fått oksygen til no (sa ho) - og det kunne eg forstå, for det gjorde jo forsatt vondt - men kanskje litt mindre sidan eg trudde at eg hadde fått lystgass. Når ho skrudde på lystgassen blei alt så meget bedre!! Ikkje så lenge etter følte eg meg gladere til sinns (og litt berusa), og sa at no kunne eg jo ha vore med på ein fest som vennane mine skulle ha den kvelden :)

I 17 tida gjekk vatnet. Hugser at eg stod på golvet, og det kjentes ut som om ein propp løsna og masse vatn rann ut. Eg fekk ikkje sagt til Ivar kva som hadde skjedd med ein gong, det einaste eg såvidt klarte å seie var at han måtte ringe på jordmora (det var antakeligvis midt i ei ri). Etter det blei riene vondare og dei kom endå tettare, sa jordmora til meg etterpå (hugser ikkje kor lenge i mellom, men når dei i 11 tida kom med 4 minutters mellomrom - så kom dei nok ganske raskt etter kvarandre no). Eg blei fleire gonger spurt om eg ville ha noko anna smertestillande, men eg klarte meg med det eg hadde. Jordmora sa i ettertid at det var få førstegangsfødande som berre brukte lystgass - men vi har jo alle forskjellig smerteterskel.

Eg hadde nok ikkje klart meg uten Ivar. Han la kalde kluter på panna mi, og ga meg saft når eg ba om det eller ga signal om det (nokre gonger sa eg at eg ville ha saft rett etter ei ri, men nokre gonger rakk han ikkje å hente den frå bordet ved sidan av før det kom ei ny). Han holdt lystgassmaska for meg, og holdt den foran meg når eg trengte den. Men så sa jordmora at eg måtte holde maska sjølv, for å kontrollere kor mykje eg trengte. Maska skulle eg bruke når eg kjente at ei ri var på vei, og ta den vekk når eg hadde fått nok. Heldigvis stod Ivar ved sidan av meg, så når eg tok på meg maska, støtta eg den mot han - då slapp eg jo å holde den sjølv. Eg var altfor opptatt av riene til å kunne gjere noko anna. Nokre gonger gløymte eg å ta maska vekk når det verste var over, og då var det godt at Ivar minnte meg på det. Eg var jo heilt i min eigen verden!

Så begynte pressriene, jordmora sa at om eg kunne prøve å la være å presse på dei neste riene (antakeligvis sidan babyen var komt så langt ut, og at det ikkje var stor nok åpning). - men eg sa at det klarte eg ikkje. Kroppen levde liksom sitt eige liv - men eg klarte å dempe nokre av dei. Etterkvart kom det inn tre personar til (lege, jordmor og barnepleier). Dei snakka om at hjertelyden til babyen vart dårligare (men det kunne også komme av at ledningane som dei hadde satt på babyen hovud var dårlig) - eg brydde meg ikkje, eg høyrte kva dei snakka om, men det virka liksom så fjernt. Eg var jo som sagt i min eigen verden der riene var i fokus og at eg ville berre bli ferdig med dei.

Det var nok ledningane, ja. For ut kom ei frisk lita jente, og er var så glad for at eg var ferdig - no skulle eg ha ho opp på magen og berre kose med ho. Men det blei ikkje heilt som eg hadde tenkt, eg måtte jo syast (så langt bak som det gjekk an!). Eg fekk ha jenta mi på magen, men eg klarte ikkje å slappe av før syinga var over - det var nemlig langt ifra behagelig (som sagt så kan eg ikkje fordra sprøyter og nåler - ikkje fordi dei gjere vondt, men pga. at eg tenker på kva dei gjer når dei stikke den inni kroppen). Jordmora ymta frampå om at kanskje pappaen ville holde barnet, men ikkje tale om. Eg skulle holde ho så lenge eg blei sydd (måtte jo ha noko anna å tenke på). Eg kjefta på dei, og spurte heile tida om dei var ferdige snart. Men alt tar jo ein ende - og det gjorde det denne gangen òg. Ivar fekk holde jenta, også blei dei med barnepleiaren ut for å vege ho. Ho var 50 cm og 3430 gr, heilt perfekt. Når Ivar kom inn igjen fekk vi vere litt aleine, eg fekk ha jenta mi i senga - og ikkje så lenge etter tok vi oss ein velfortjent blund alle tre. Litt seinare blei eg trilla inn på barselavd. (det var så mange babyer på vei - så dei trengte fødestuene). Ivar reiste heim, og mor og barn la seg til å sove.

Nokre minner eg har frå fødselen var at Ivar stod og holdt meg under armane, og når det kom ei ri - så løfta eg føtene opp ifrå golvet! Dette skjedde to gonger etter kvarandre, trur ikkje Ivar hadde makta å holde meg ein gong til - så då hjalp han og jordmora meg oppi ei seng.

Eg hugser at eg syntest at det gjorde grusomt vondt, men eg klarer ikkje å forestille meg kor vondt det gjorde (ikkje rett etter fødselen heller). Smertene gløymte eg i pausene mellom riene, og etter fødselen var det ingenting anna eg tenkte på enn å få kose med mi nyfødte datter. Eg sa ikkje at eg aldri skulle ha ein ny unge, berre at det skulle bli lenge til neste gong!

Tilbakemelding(0)
Kommentarer (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

security code
Skriv inn bokstavene ovenfor i tekstfeltet nedenfor


busy

Se også disse artiklene:

No images

Fra bildegalleriet...

No images

Toppresultater i quiz

QUIZ NAVNPOENG
Brødrene Dal
120
Brødrene Dal
120
Brødrene Dal
110
Norsk Grand Prix
90
Norsk Grand Prix
40