close

Ny konkurranse - se lenger ned!

Hvis du vil ha quiz-resultatene dine lagret - må du logge inn før du tar testen.

Toppanel
  Del pÃ¥ Facebook   |    

 
Skriv ut
PDF

Oddrun fødte før hodet var festet

Skrevet av Oddrun.


Tre dagar før termin var eg begynt å bli passelig rastlaus. Med førstemann gjekk eg to veker over termin og det enda med igangsetting av fødselen. Eg hadde stor tru på at det samme kunne skje denne gangen, men håpa på at det kunne skje av seg sjølv. Eg hadde kjent litt småmurring i kroppen denne dagen, men ingen rier og nesten ingen kynnarar heller, men rastulaus som eg var satte eg i gang med støvsuging og vasking.

Dusjen vart skrubba og vindauge pussa og heile huset rydda. Om ettermiddagen sat eg med dattera vår på fanget og las bok. Vi hadde nettopp ete middag og sat og kosa oss. Plutselig kjende eg at eg vart litt våt og rekna med at det var fostervatnet som gjekk. Eg var ikkje sikker, men ganske snart forsvann all tvil! Eg vart på på godt norsk "kliss blaut" i løpet av kort tid. Pappaen i huset hadde nett kome inn døra etter ein par timars handletur (uten å ha mobiltelefonen med seg...) og kom springande når eg ropte. Ho som skulle bli storesøster syns visst det var den naturlegaste ting i verden at mamma plutselig la seg rett ned på stovegolvet :)

På sist kontroll var hodet til babyen fortsatt ikkje festa i bekkenet så eg la meg lydig ned når vatnet gjekk slik jordmor hadde sagt. Eg følte meg heilt rolig, og ringte til føden når pappaen i huset var komt på plass. Føden henviste meg til å ringe 113 og bestille ambulanse. Før vi ringte til ambulanse ringte vi barnevakten som bur i samme gata som oss. Ho troppa opp i løpet av få minutt. Det var veldig greitt å få storesøster ut av huset før ambulansefolket kom og bar mor ut av huset. Eg trur ho lett kunne blitt litt skremt av å vere med på det.

Vi bur i eit hus med to lange trapper, og midt i februar var det litt sleipt i trappa. Ambulanse folket kunne ikkje bære meg på båre sidan det var så bratt, men bar meg stødt ned trappene i ein bårestol. Dette var midt i rushtida, men her i by'n er ikkje det eit altfor stort problem. Og sidan eg ikkje hadde rier så det var ingen ting som hasta.

Vi kom til sjukehuset ca 16-16.30. Eg valgte alternativ fødeavdeling, vel vitande om at evt. smertelindring var tilgjengelig rett over gangen dersom det skulle bli nødvendig. Vi fekk komme rett inn på fødestova og eg vart kobla på sparketest. Det vart konstatert at babyen hadde det flott, men at hodet fortsatt ikkje var festa noko som betydde at eg måtte ligge til sengs og vente på at riene skulle komme. Det gjekk ca 4 timar før eg kunne få begynne å røre litt meir på meg, dvs. stå opp. Sidan eg ikkje hadde rier prøvde eg litt med stimulering av brystvortene. Etter at eg hadde fått fram rier to ganger på den måten var det ikkje stopp i riene før babyen var født!

Klokka var då blitt ca 20.30 før eg fekk stå opp og røre litt på meg, og riene var ganske tette. Eg vart ganske kvalm ei stund, men det gjekk jo over... Jordmor spurte om eg hadde lyst til å prøve å ligge i badekar, og det takka eg ja til. Eg fant imidlertid raskt ut at det ikkje var det heilt store. Sjølv om det varme vatnet tok vekk veldig mykje av vondten i riene gjorde det meg veldig svimmel. Når jordmor samtidig skulle ha meg til å "løfte opp magen" for at ho skulle få målt fosterlyden, vart det for strevsomt og eg kom meg raskt ut av badekaret igjen med god hjelp frå sambuaren min og jordmor. Eg hadde alt begynt å kjenne dei første pressriene.

heiltnyEg stilte meg no på kne på golvet hengande over senga, men etter ei stund slik ville jordmor at eg skulle flytte på meg. Det vart for dårlig plass for henne å ta imot barnet på så ho rigga til ein saccosekk på golvet og hjalp meg over på den. Halvt liggande i saccoseken, med baken på matta på golvet låg eg til fødselen var over. Jordmor måtte klippe litt på grunn av ein del arrvev fra klipping under sist fødsel, men nett då gjorde det ingen ting. Klokka 21.25 den 12.02. kom lillesøster til oss. Ei skjønn lita tulle som var 3750 g tung og 52cm lang. Frå eg var komen opp av vatnet gjekk det ikkje meir enn vel ein time med "jobbing" før vi fekk helse skikkelig på tulla og alt i alt vart det berre tre timar med rier.

Tilbakemelding(0)
Kommentarer (0)Add Comment

Skriv kommentar
mindre tekstfelt | større tekstfelt

security code
Skriv inn bokstavene ovenfor i tekstfeltet nedenfor


busy

Se også disse artiklene:

No images

Fra bildegalleriet...

No images

Toppresultater i quiz

QUIZ NAVNPOENG
Brødrene Dal
120
Brødrene Dal
120
Brødrene Dal
110
Norsk Grand Prix
90
Norsk Grand Prix
40