Ã… avbryte et svangerskap
Â
Dersom du ynskjer å avbryte svangerskapet, må legen fyrst undersøkje kor langt du er komen i svangerskapet. Du har rett til å få innvilga abort til og med 12. veke. Du vil bli informert om inngrepet, og må deretter skrive "anmodning om svangerskapsavbrytelse" i samarbeid med legen. Legen sender anmodninga til sjukehuset, og du vil bli innkalt.
 Det er vanleg å måtte vente eit par veker på time. Tidlegare var det berre ein måte å foreta inngrepet på: kirurgisk. Men for ei stund sidan vart abortpilla lansert som eit alternativ til dette inngrepet. Abortpilla vart etter lang diskusjon legalisert, og er no teken i bruk på enkelte norske sjukehus.
Â
Kor tid skal ein helst foreta inngrepet?
Det er færrast komplikasjonar i 8-10 veke. Det er derfor viktig å komme seg raskast muleg til lege.
Â
Kirurgisk inngrep:
Du vil få full bedøvelse under inngrepet. Bedøvelsen er eit hurtigverkande preparat, og du vil derfor vakne fort etterpå. Dei fleste kan og reise heim eit par timar etter inngrepet. Når du er sovna, vil legen etter å ha vaska skjeden langsomt utvide livmormunnen med metallstiftar av aukande storleik. Deretter utførast det eit abortsug i livmora. Når livmora er sugd tom, vil den skrapast heilt tom med eit stumpt instrument. Under inngrepet vert det og gjett eit middel som får livmora til å trekke seg saman. Inngrepet tek cirka ein halv time.
Â
Medisinsk abort (abortpilla):
Fyrst får du to tablettar på sjukehuset som skal stanse fosteret si utvikling. Deretter reiser du heim, for så å returnere til sjukehuset etter to dagar. Merk at det er for seint å angre etter at du har tatt dei to fyrste tablettane. Det blir då sett ei stikkpille i skjeden, og innhaldet i livmora blir støytt ut etter 3-6 timar. I denne perioden må du opphalde deg på sjukehuset. Metoden er smertefull, og du vil få smertestillande middel. Medisinsk abort kan utførast til og med 9. svangerskapsveke.
Â
Â
Kva seier lova om rettane til kvinna?
Abortlova av 16.juni 1978 gjer ei kvinne rett til å krevje abort innan utgangen av 12.veke. Etter dette må kvinna søkje ei abortnemnd på sjukehuset som er samansett av to legar. Dei vil vurdere dei medisinske, sosiale og arvemessige forhold. Avgjerda blir tatt i samråd med kvinna. Etter 18. svangerskapsveke må ein ha tungtvegande grunnar til å ta abort. Dersom fosteret mest sannsynleg er levedyktig, bli det ikkje gjeve løyve til abort.
Â
MÃ¥ foreldrene mine vite det?
Dersom du er under 16 år, må foreldra dine vite om aborten. Dette er viktig for at du skal ta den avgjerda som er best for deg. Dersom det er heilt spesielle grunnar som talar imot at foreldra dine skal vite om aborten, kan legen hjelpe deg med dette.

| < Forrige |
|---|



