Er jeg gravid?
Â
Det fyrste teiknet er oftast at menstruasjonen uteblir. I enkelte svært sjeldne tilfelle kan ei jente/kvinne ha menstruasjon sjølv om ho er gravid, men dette førekjem svært sjeldan. Men ver obs på at menstruasjonen kan utebli av mange årsaker, så årsaka er ikkje alltid graviditet. Dersom ein i tillegg til uteblitt menstruasjon også har ømme bryst og er kvalm (særleg om morgonen), er det store sjansar for at du er gravid.
Â
Kvar kan eg få tatt graviditetstest?
Det finst fleire måtar å finne ut om du er gravid på. For det fyrste kan du levere inn urinprøve på legekontoret, og få resultatet der. Dette er det og høve til å få utført på eit apotek. Mange vel å kjøpe ein graviditetstest som ein kan utføre sjølv heime. Denne er imidlertid ikkje fullt så sikker, så om den skulle vere negativ, men du framleis har mistanke om graviditet, er det lurt å få utført ein test på legekontoret.
Â
| Slik kan ein graviditetstest sjå ut. | |
| Eller slik.. | ![]() |
Â
Â
Dersom du ynskjer å avbryte svangerskapet:
Det fyrste du bør gjere er å ta kontakt med ein person du veit du kan stole på. Dette kan godt vere nære venninner, men du bør og prate med ein vaksen. Vaksne kan ofte gje svar på spørsmål som ikkje dine jamngamle venninner kan. Det er ofte vanskeleg å prate med foreldre om dette. Men det er viktig å vere klar over at dei på eit eller anna tidspunkt vil få vite om det uansett, dersom du er under 16 år. Foreldre er og dei som truleg lettast kan hjelpe deg til å ta det rette valet.
Dersom du derimot ikkje vil prate med dei om det, har du fleire andre val:
Â
| - |
Ta kontakt med helsesøster eller legen din snarest. Dei har teieplikt og kan hjelpe deg. |
| Â | Â |
| - |
Ta kontakt med det nærmaste AAN- kontoret (Alternativ til Abort Norge). Dei tilbyr både samtaler med fagfolk, kartlegging av din livssituasjon (for at du skal ta det rette valet), graviditetstest, samtaler etter ein evt abort, barnepass om du skulle velge å behalde barnet og mykje meir. |
| Â | Â |
| - | Læraren din, ein nær slekting eller rett og slett ein vaksen person som du veit du kan stole på. |
Â

| < Forrige | Neste > |
|---|




